Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 33:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, tal til landsmennene dine og sei: Når eg sender sverd mot eit land, vil folket der velja ut ein av sine eigne og gjera han til sin vaktmann.

3. Når så mannen ser sverdet koma mot landet, blæs han i horn og åtvarar folket.

4. Om nokon som høyrer hornljomen, ikkje bryr seg om åtvaringa, så sverdet kjem og riv han bort, då er han sjølv skuld i sin død.

5. Han høyrde hornljomen, men brydde seg ikkje om åtvaringa. Difor må han sjølv ta skulda for sin død. Hadde han late seg åtvara, hadde han berga livet.

6. No kan det henda at vaktmannen ser sverdet koma, men ikkje blæs i hornet og ikkje åtvarar folket. Når sverdet kjem og riv bort einkvan av dei, då hender det fordi han har synda. Men vaktmannen krev eg til rekneskap for hans død.

7. Du menneske, eg har sett deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg.

8. Når eg seier til ein gudlaus mann: «Du skal sanneleg døy», og du ikkje åtvarar han mot det livet han fører, då skal han døy fordi han har synda. Men deg krev eg til rekneskap for hans død.

Les hele kapitlet Esekiel 33