Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 30:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Egypt skal liggja audt ¬mellom øydelagde land,og byane skal liggja ¬mellom øydelagde byar.

8. Då skal dei sanna ¬at eg er Herren,når eg set eld på Egypt,og alle som hjelper landet, ¬vert knuste.

9. Den dagen skal sendebod ¬frå meg dra av stad,dei dreg ut på skipfor å skræma ¬dei trygge nubiarane.Dei skal skjelva av angstnår dagen kjem for Egypt.Ja sjå, han kjem!

10. Så seier Herren Gud:Eg lèt Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia,gjera ende på ¬den ståkande hopen i Egypt.

11. Han og folket hans med han,dei verste valdsmenn ¬mellom folka,skal koma dit og herja landet.Dei skal dra sine sverd ¬mot Egyptog fylla landet med drepne.

12. Eg lèt elvane turka utog sel landet til vonde menn.Både det og alt som er i det,lèt eg framande øydeleggja.Eg, Herren, har tala.

13. Så seier Herren Gud:Eg vil gjera ende på avgudane,rydja ut dei gagnlause gudane ¬i Nof;det skal aldri meir ¬vera nokon fyrste i Egypt.Såleis spreier eg redsle i landet.

14. Eg legg Patros i øyde,set eld på Soanog held dom over No.

15. Eg lèt min harme ¬gå ut over Sin,den sterke festningsbyen ¬i Egypt,og rydjar ut folkehopen i No.

16. Når eg set eld på Egypt,må Sin vri seg og skjelva.No vert storma av fiendar,og Nof vert teke ¬midt på ljose dagen.

17. Dei unge menn i On ¬og Pi-Besetskal falla for sverd,dei andre må fara ¬i fangenskap.

18. I Takpanhes vert dagen mørk;der bryt eg styrarstavane ¬i Egypt,så den stolte makta i landet ¬tek slutt.Mørke skyer ¬skal liggja over byen,døtrene der ¬må fara i fangenskap.

Les hele kapitlet Esekiel 30