Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 30:2-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Menneske, tal profetord og sei:Så seier Herren Gud:Klag og rop: Å, for ein dag!

3. Dagen er nær, ¬ja, Herrens dag er nær.Det er ein dag ¬med mørke skyer,ei tid med dom over folkeslag.

4. Det kjem eit sverd mot Egypt.I Nubia skal folket skjelva ¬av angstnår egyptarar vert drepne ¬og fell,når rikdomen deira vert tekenog grunnmurane ¬vert nedrivne.

5. Dei som bur i Nubia, ¬Put og Lud,alt blandingsfolket ¬og libyarane,og menn i landet ¬som dei har pakt med,skal falla for sverd ¬saman med dei.

6. Så seier Herren:Dei som støttar egyptarane, ¬skal falla,deira stolte makt ¬skal bryta saman;frå Migdol til Syene ¬skal dei falla for sverd,lyder ordet frå Herren Gud.

7. Egypt skal liggja audt ¬mellom øydelagde land,og byane skal liggja ¬mellom øydelagde byar.

8. Då skal dei sanna ¬at eg er Herren,når eg set eld på Egypt,og alle som hjelper landet, ¬vert knuste.

Les hele kapitlet Esekiel 30