Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 30:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, tal profetord og sei:Så seier Herren Gud:Klag og rop: Å, for ein dag!

3. Dagen er nær, ¬ja, Herrens dag er nær.Det er ein dag ¬med mørke skyer,ei tid med dom over folkeslag.

4. Det kjem eit sverd mot Egypt.I Nubia skal folket skjelva ¬av angstnår egyptarar vert drepne ¬og fell,når rikdomen deira vert tekenog grunnmurane ¬vert nedrivne.

5. Dei som bur i Nubia, ¬Put og Lud,alt blandingsfolket ¬og libyarane,og menn i landet ¬som dei har pakt med,skal falla for sverd ¬saman med dei.

6. Så seier Herren:Dei som støttar egyptarane, ¬skal falla,deira stolte makt ¬skal bryta saman;frå Migdol til Syene ¬skal dei falla for sverd,lyder ordet frå Herren Gud.

7. Egypt skal liggja audt ¬mellom øydelagde land,og byane skal liggja ¬mellom øydelagde byar.

8. Då skal dei sanna ¬at eg er Herren,når eg set eld på Egypt,og alle som hjelper landet, ¬vert knuste.

9. Den dagen skal sendebod ¬frå meg dra av stad,dei dreg ut på skipfor å skræma ¬dei trygge nubiarane.Dei skal skjelva av angstnår dagen kjem for Egypt.Ja sjå, han kjem!

10. Så seier Herren Gud:Eg lèt Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia,gjera ende på ¬den ståkande hopen i Egypt.

11. Han og folket hans med han,dei verste valdsmenn ¬mellom folka,skal koma dit og herja landet.Dei skal dra sine sverd ¬mot Egyptog fylla landet med drepne.

12. Eg lèt elvane turka utog sel landet til vonde menn.Både det og alt som er i det,lèt eg framande øydeleggja.Eg, Herren, har tala.

Les hele kapitlet Esekiel 30