Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 27:8-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Folk frå Sidon og Arvadvar rorskarar hjå deg, Tyrus,og dei mest dugande ¬mennene dinehadde du til styrmenn.

9. Gamle og kunnige menn ¬frå Byblosvar hjå deg ¬og bøtte skadane dine.Alle skip på havet ¬og sjømennene om bordkom til deg og bytte varer.

10. Menn frå Persia, Lud og Putgjorde teneste i hæren din.Skjold og hjelmar ¬hengde dei opp hjå deg,og dei kasta glans over deg.

11. Menn frå Arvad stod saman med krigarane dine rundt ikring på murane, og dei var vaktmenn i tårna. Skjolda sine hengde dei opp rundt ikring på murane dine. Såleis gjorde dei deg fullkomleg fager.

12. Tarsis handla med deg fordi du hadde så mykje av alle slag varer. Det dei kjøpte av deg, betalte dei med sølv og jern, tinn og bly.

13. Javan, Tubal og Mesjek dreiv handel med deg. Dei gav deg trælar og bronsekar i byte.

14. Frå folket i Togarma fekk du arbeidshestar, ridehestar og muldyr for varene dine.

15. Folk frå Rhodos handla med deg, ja mange øyar gjorde oppkjøp hjå deg. I staden gav dei deg elfenbein og ibenholt.

16. Edomittane handla med deg fordi du hadde så mange varer. I byte gav dei deg edelsteinar, raudt purpur og fargerikt ty, fint lin, korallar og rubinar.

17. Juda og Israel dreiv handel med deg. Kveite frå Minnit, bakverk, honning, olje og balsam gav dei deg i byte.

18. Damaskus handla med deg fordi du hadde så store mengder med varer og allslags gods. Dei kom med vin frå Helbon og ull frå Sahar.

Les hele kapitlet Esekiel 27