Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 9:31-49 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Han sende i løynd bod til Abimelek og sa: «Ga’al Ebedsson og brørne hans er komne til Sikem og øser opp byen mot deg.

32. Ta no i veg om natta med det folket du har hjå deg, og legg deg i bakhald ute på marka!

33. Når det dagast, og sola sprett, skal du rykkja fram og ta på byen. Då vil Ga’al og folket hans fara ut imot deg, og du kan gjera med han det du får høve til.»

34. Abimelek tok ut om natta med alt det folket han hadde hjå seg, og dei la seg i bakhald mot Sikem i fire flokkar.

35. No bar det så til at Ga’al Ebedsson kom ut og stod i byporten i det belet då Abimelek og folket hans kom fram frå bakhaldet.

36. Ga’al fekk auga på dei og sa til Sebul: «Sjå, det kjem folk ned frå fjelltoppane!» Sebul svara: «Det er skuggen av fjella du tek for folk.»

37. Men Ga’al heldt på sitt og sa: «Jau, det kjem folk ned frå Midtfjellet, og ein annan flokk kjem på vegen frå Spåmannseika.»

38. Då sa Sebul til han: «Kvar er no dei store orda dine? Det var du som sa: Er Abimelek slik mann at vi skulle træla under han? Sjå, der er dei folka du vørde så lite. Dra no ut og strid imot dei!»

39. Då drog Ga’al ut med Sikems-mennene og stridde mot Abimelek.

40. Men Abimelek sette etter han og jaga han føre seg. Mange lét livet; det låg falne heilt bort til byporten.

41. Sidan slo Abimelek seg ned i Aruma. Og Sebul dreiv Ga’al og brørne hans bort; dei fekk ikkje bu i Sikem.

42. Dagen etter skulle Sikems-folket ut på marka. Då Abimelek fekk vita det,

43. tok han og delte hæren sin i tre flokkar og la seg i bakhald ute på marka, og då han såg at folka kom ut or byen, sette han på dei og slo dei.

44. Sjølv sprang han fram og stelte seg i byporten saman med den flokken som fylgde han, medan dei to andre flokkane tok på alle som var ute på marka, og hogg dei ned.

45. Abimelek stridde mot byen heile dagen og tok han. Folket som var der, slo han i hel; byen reiv han ned og strøydde salt på tufta.

46. Då mennene i Sikems-borga høyrde det, gjekk dei alle inn i kjellar-romet under El-Berit-templet.

47. Så snart Abimelek fekk vita at alt folket i Sikems-borga hadde samla seg,

48. gjekk han opp på Salmon-fjellet med alle mennene sine. Han tok ei øks i handa og hogg greiner av trea, tok dei opp og la dei på akslene og sa til folka sine: «Skunda dykk og gjer like eins som de såg meg gjera.»

49. Då hogg alle mennene kvar si bør med greiner og fylgde etter Abimelek. Dei la greinene over kjellar-romet og brende dei over hovudet på dei som var der. Såleis miste dei livet, alle som var i Sikems-borga, om lag tusen menn og kvinner.

Les hele kapitlet Dommarane 9