Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 9:27-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Dei gjekk ut på marka og hausta vingardane sine, pressa druene og heldt fest og var glade. Så gjekk dei inn i templet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek.

28. Då sa Ga’al Ebedsson: «Er Abimelek slik mann og Sikems-buane slike folk at vi skulle vera trælane hans? Er han ikkje son til Jerubba’al, og Sebul tilsynsmannen hans? Ten dei mennene som er ætta frå Hamor, far til Sikem! Men kvifor skulle vi træla under denne mannen?

29. Gjev eg hadde dette folket i mi makt, så skulle eg nok få Abimelek or vegen. Då skulle eg seia til han: Auka hæren din, Abimelek, og dra ut i strid!»

30. Då Sebul, hovdingen i byen, fekk høyra kva Ga’al Ebedsson hadde sagt, vart han brennande harm.

31. Han sende i løynd bod til Abimelek og sa: «Ga’al Ebedsson og brørne hans er komne til Sikem og øser opp byen mot deg.

32. Ta no i veg om natta med det folket du har hjå deg, og legg deg i bakhald ute på marka!

33. Når det dagast, og sola sprett, skal du rykkja fram og ta på byen. Då vil Ga’al og folket hans fara ut imot deg, og du kan gjera med han det du får høve til.»

34. Abimelek tok ut om natta med alt det folket han hadde hjå seg, og dei la seg i bakhald mot Sikem i fire flokkar.

35. No bar det så til at Ga’al Ebedsson kom ut og stod i byporten i det belet då Abimelek og folket hans kom fram frå bakhaldet.

Les hele kapitlet Dommarane 9