Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 9:23-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Då sende Gud ei vond ånd som vekte strid mellom Abimelek og Sikems-mennene, og dei sveik Abimelek.

24. Dette hende for at same valdsverket som vart gjort mot dei sytti sønene åt Jerubba’al då dei miste livet, skulle koma både over Abimelek, frenden deira, som hadde drepe dei, og over Sikems-mennene, som stødde han så han kunne drepa brørne sine.

25. Sikems-mennene la folk i bakhald på fjelltindane for å halda auga med Abimelek, og dei rana alle som fór framom dei på vegen. Dette fekk Abimelek vita.

26. På den tid kom Ga’al Ebedsson med brørne sine og flytte inn i Sikem, og folket der sette si lit til han.

27. Dei gjekk ut på marka og hausta vingardane sine, pressa druene og heldt fest og var glade. Så gjekk dei inn i templet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek.

28. Då sa Ga’al Ebedsson: «Er Abimelek slik mann og Sikems-buane slike folk at vi skulle vera trælane hans? Er han ikkje son til Jerubba’al, og Sebul tilsynsmannen hans? Ten dei mennene som er ætta frå Hamor, far til Sikem! Men kvifor skulle vi træla under denne mannen?

29. Gjev eg hadde dette folket i mi makt, så skulle eg nok få Abimelek or vegen. Då skulle eg seia til han: Auka hæren din, Abimelek, og dra ut i strid!»

30. Då Sebul, hovdingen i byen, fekk høyra kva Ga’al Ebedsson hadde sagt, vart han brennande harm.

31. Han sende i løynd bod til Abimelek og sa: «Ga’al Ebedsson og brørne hans er komne til Sikem og øser opp byen mot deg.

32. Ta no i veg om natta med det folket du har hjå deg, og legg deg i bakhald ute på marka!

33. Når det dagast, og sola sprett, skal du rykkja fram og ta på byen. Då vil Ga’al og folket hans fara ut imot deg, og du kan gjera med han det du får høve til.»

34. Abimelek tok ut om natta med alt det folket han hadde hjå seg, og dei la seg i bakhald mot Sikem i fire flokkar.

35. No bar det så til at Ga’al Ebedsson kom ut og stod i byporten i det belet då Abimelek og folket hans kom fram frå bakhaldet.

36. Ga’al fekk auga på dei og sa til Sebul: «Sjå, det kjem folk ned frå fjelltoppane!» Sebul svara: «Det er skuggen av fjella du tek for folk.»

37. Men Ga’al heldt på sitt og sa: «Jau, det kjem folk ned frå Midtfjellet, og ein annan flokk kjem på vegen frå Spåmannseika.»

Les hele kapitlet Dommarane 9