Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 4:16-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Men Barak sette etter vognene og hæren radt til Harosjet-Haggojim, og heile hæren til Sisera fall i striden. Det vart ikkje att ein einaste mann.

17. Sisera sjølv rømde og kom til teltet åt Jael, kona til kenitten Heber. For det rådde fred mellom Jabin, kongen i Hasor, og ætta til Heber.

18. Jael gjekk ut imot Sisera og sa: «Kom inn, herre, kom inn til meg! Du treng ikkje vera redd!» Då gjekk han inn i teltet til henne, og ho gøymde han under eit åkle.

19. Så sa han: «Kjære deg, gjev meg litt vatn! Eg er så tyrst.» Ho opna ei mjølkeflaske, lét han få drikka og breidde på han att.

20. Då sa han til henne: «Stå i teltdøra, og kjem det einkvan og spør om det er nokon her, så svar: Nei!»

21. Då tok Jael, kona til Heber, ein teltplugg og gjekk stilt inn til Sisera med ein hamar i handa. Og medan han, trøytt som han var, låg i djupaste svevnen, slo ho teltpluggen gjennom tinningen hans, så han gjekk ned i jorda. Såleis døydde Sisera.

22. I same belet kom Barak, som forfylgde Sisera. Jael gjekk ut imot han og sa: «Kom, så skal eg syna deg den mannen du leitar etter.» Han gjekk med henne inn, og då fekk han sjå Sisera liggja der livlaus med teltpluggen gjennom tinningen.

23. Den dagen bøygde Gud Jabin, kanaanearkongen, i kne for israelittane.

24. Og herredømet deira vart meir og meir tyngjande for Jabin, til dei reint gjorde ende på han.

Les hele kapitlet Dommarane 4