Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 20:4-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Levitten, mannen til den kona som vart drepen, tok då til ords og sa: «Eg og fylgjekona mi kom til Gibea i Benjamin og ville få hus der for natta.

5. Men Gibea-mennene kom mot meg om natta og kringsette huset eg var i. Meg tenkte dei å drepa, og fylgjekona mi valdtok dei, så ho døydde.

6. Då tok eg fylgjekona mi og lema henne sund og sende lutene kring i heile Israels land og rike. For dei hadde gjort ei ugjerning og eit skjemdarverk i Israel.

7. Når de no er samla her, alle Israels-menner, så kom fram med dykkar meining og gjev råd!»

8. Då reiste folket seg, alle som ein, og sa: «Ingen av oss skal dra bort til sitt telt eller fara heim til sitt hus.

9. Og såleis skal vi no gjera med Gibea: Vi kastar lodd om kven som skal gå mot byen,

10. og tek ut ti mann for kvart hundre av alle Israels ætter, hundre for kvart tusen, og tusen for kvart titusen. Dei skal henta mat til stridsmennene, så dei, når dei kjem til Gibea i Benjamin, kan gje folket der lika for det skjemdarverket dei har gjort i Israel.»

11. Så samla dei seg, alle Israels-mennene, og drog mot byen, alle som ein.

12. Og Israels-ættene sende bod til alle ættgreinene i Benjamin og sa: «Kva er det for ei ugjerning som er gjord hjå dykk?

13. Send ut til oss dei gudlause mennene i Gibea, så vi kan slå dei i hel og rydja det vonde ut or Israel.» Men folket i Benjamin ville ikkje høyra på frendane sine, israelittane.

14. Frå alle byane sine kom dei saman i Gibea og ville dra i strid mot israelittane.

15. Den dagen mønstra dei tjueseks tusen våpenføre menn frå dei andre byane; attåt det mønstra folket i Gibea sju hundre utvalde krigarar.

16. Mellom alle desse fanst det sju hundre utvalde menn som var keivhendte. Når dei kasta slyngjesteinen, råka dei alle saman på eit hår; ingen kasta i miss.

17. Utan at Benjamin var medrekna, mønstra Israel fire hundre tusen væpna menn, alle øvde krigarar.

Les hele kapitlet Dommarane 20