Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 20:30-45 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Tredje gongen drog israelittane mot Benjamin. Dei fylka seg og gjekk mot Gibea liksom dei førre gongene.

31. Benjamins-mennene kom ut imot hæren og vart dregne bort frå byen. Liksom dei førre gongene felte dei fyrst nokre av israelittane på landevegane som fører oppetter, den eine til Betel og den andre over marka til Gibea; det var om lag tretti mann som fall.

32. Då tenkte Benjamins-mennene: «Vi slår dei no som før.» Men israelittane sa: «Lat oss røma, så vi får drege dei bort frå byen og ut på landevegane.»

33. Så tok alle israelittane ut frå den staden der dei hadde halde til, og fylka seg i Ba’al-Tamar. Samstundes sprang dei som låg i bakhald, fram frå gøymsla si vestanfor Gibea.

34. Og ti tusen utvalde stridsmenn av heile Israel gjekk beint mot Gibea. Det vart ein hard strid; men Benjamins-mennene visste ikkje at ulukka var så tett innpå dei.

35. Herren laga det så at Benjamin tapte for Israel. Den dagen felte dei tjuefem tusen eitt hundre mann av Benjamin; alle desse var våpenføre.

36. Då såg Benjamins-mennene at dei var slegne.Dei andre israelittane drog seg atttende frå Benjamin, for dei leit på dei som låg i bakhald attmed Gibea.

37. Og no sprang desse mennene fram. Dei trengde inn i Gibea, spreidde seg og øydde heile byen med odd og egg.

38. Dei andre israelittane hadde gjort den avtalen med bakhaldsmennene at dei skulle la ein tjukk røyk stiga opp frå byen.

39. Då no israelittane snudde ryggen til i striden, felte Benjamin i fyrstninga nokre av dei, om lag tretti mann. For dei tenkte: «Vi kjem nok til å slå dei no som førre gongen.»

40. Men så tok røyken til å stiga opp frå byen som ei søyle. Og då Benjamins-mennene snudde seg, fekk dei sjå at heile byen stod i loge, som slo opp mot himmelen.

41. I det same vende israelittane om. Då vart Benjamins-mennene forfærde; for dei såg at ulukka var tett innpå dei.

42. For å sleppa unna israelittane snudde dei og tok vegen mot øydemarka. Men striden fylgde dei i hælane, og snart var dei som kom frå byane, midt imellom dei og gjorde ende på dei.

43. Israelittane ringa Benjamins-mennene inne, forfylgde dei og trakka dei ned når dei måtte kvila, heilt til dei var beint i aust for Gibea.

44. Det fall atten tusen mann av Benjamins-ætta, alle saman djerve stridsmenn.

45. Dei andre snudde om og rømde ut i øydemarka, til Rimmon-berget. Av dei som var att, felte israelittane endå fem tusen mann på landevegane. Så sette dei etter resten heilt til Gideom og hogg ned to tusen til.

Les hele kapitlet Dommarane 20