Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 20:22-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Då tok israelittane mot til seg og fylka seg til strid på same staden som dei hadde fylka seg dagen før.

23. Dei gjekk opp til heilagdomen og gret for Herrens åsyn heilt til kvelds. Og dei spurde Herren: «Skal vi atter dra fram og strida mot frendane våre i Benjamin?» «Gå imot dei!» svara Herren.

24. Dagen etter gjekk israelittane mot Benjamins-mennene.

25. Og andre gongen kom Benjamin ut imot dei frå Gibea. Dei felte atter atten tusen israelittar, alle saman våpenføre menn.

26. Då drog heile Israels-hæren opp til Betel. Der sat dei gråtande for Herrens åsyn og fasta heile dagen, alt til kvelds. Dei bar fram brennoffer og måltidsoffer for Herren.

27. Og israelittane spurde Herren til råds, for den gongen stod Guds paktkiste der,

28. og Pinhas, son til Elasar og soneson til Aron, gjorde den tid teneste for Herrens åsyn. Dei spurde: «Skal vi endå ein gong dra ut i strid mot frendane våre i Benjamin, eller skal vi la det vera?» Og Herren svara: «Dra ut! I morgon vil eg gje dei i hendene dykkar.»

29. Då la israelittane folk i bakhald rundt ikring Gibea.

30. Tredje gongen drog israelittane mot Benjamin. Dei fylka seg og gjekk mot Gibea liksom dei førre gongene.

31. Benjamins-mennene kom ut imot hæren og vart dregne bort frå byen. Liksom dei førre gongene felte dei fyrst nokre av israelittane på landevegane som fører oppetter, den eine til Betel og den andre over marka til Gibea; det var om lag tretti mann som fall.

32. Då tenkte Benjamins-mennene: «Vi slår dei no som før.» Men israelittane sa: «Lat oss røma, så vi får drege dei bort frå byen og ut på landevegane.»

33. Så tok alle israelittane ut frå den staden der dei hadde halde til, og fylka seg i Ba’al-Tamar. Samstundes sprang dei som låg i bakhald, fram frå gøymsla si vestanfor Gibea.

34. Og ti tusen utvalde stridsmenn av heile Israel gjekk beint mot Gibea. Det vart ein hard strid; men Benjamins-mennene visste ikkje at ulukka var så tett innpå dei.

35. Herren laga det så at Benjamin tapte for Israel. Den dagen felte dei tjuefem tusen eitt hundre mann av Benjamin; alle desse var våpenføre.

36. Då såg Benjamins-mennene at dei var slegne.Dei andre israelittane drog seg atttende frå Benjamin, for dei leit på dei som låg i bakhald attmed Gibea.

Les hele kapitlet Dommarane 20