Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 17:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Mika heitte ein mann som budde i Efraims-fjella.

2. Ein dag sa han til mor si: «Dei elleve hundre sekel sølv som vart tekne frå deg – du lyste endå ei forbanning for den skuld medan eg høyrde på – dei pengane er hjå meg; det er eg som har teke dei.» Mor hans sa: «Herren velsigne deg, son min!»

3. Då han gav dei elleve hundre sekel sølv attende til mor si, sa ho: «Desse pengane vier eg til Herren og gjev dei til son min, så han kan laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete. No skal du få dei att.»

4. Så tok ho to hundre sekel av dei pengane som han kom med, og gav dei til ein gullsmed. Han laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete; dei stod sidan i huset til Mika.

5. Denne Mika hadde eit gudshus. Han hadde laga ein efod og nokre husgudar og sett ein av sønene sine til å vera prest for seg.

Les hele kapitlet Dommarane 17