Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 16:8-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Då kom filistarfyrstane opp til henne med sju rå senestrenger som ikkje hadde turka. Dei batt ho han med,

9. og i kammeret hadde ho folk som sat på lur. Så ropa ho: «Filistarane er over deg, Samson!» Då sleit han av strengene; dei brast som ein strytråd når han kjem nær elden. Og ingen fekk vita kvar han hadde styrken sin frå.

10. Så sa Dalila til Samson: «Du har narra meg og loge for meg. Sei meg no korleis du kan bindast!»

11. Han svara: «Dersom dei bind meg godt med nye reip som aldri har vore bruka til noko, så veiknar eg og vert som eit anna menneske.»

12. Dalila tok nye reip og batt han med, og så ropa ho til han: «Filistarane er over deg, Samson!» I kammeret sat det folk på lur, men han sleit reipa av armane sine som var det tråd.

13. Då sa Dalila til han: «Til dessa har du narra meg og loge for meg. Sei meg no korleis du kan bindast!» Han svara: «Ja, dersom du vev dei sju hårflettene mine saman med varpet i veven.»

14. Ho så gjorde og feste det med pluggen. Så ropa ho: «Filistarane er over deg, Samson!» Då vakna han or svevnen og reiv ut både vevpluggen og varpet.

15. Så sa ho til han: «Korleis kan du seia at du har meg kjær når du ikkje har tiltru til meg? No har du narra meg tre gonger og ikkje sagt kvar du har den store styrken din frå.»

16. Som ho tagg og bad dag etter dag og ikkje lét han få fred, vart han så lei seg at han mest ville døy.

17. Så sa han henne heile sanninga: «Det har aldri kome rakekniv på mitt hovud; for eg har vore ein Guds nasirear alt frå mors liv. Vert eg raka, fer styrken min frå meg; eg veiknar og vert som alle andre menneske.»

18. Då skjøna Dalila at han hadde sagt henne heile sanninga. Ho sende bod etter filistarfyrstane og sa: «Kom no opp! For denne gongen har han sagt meg heile sanninga.» Då kom filistarfyrstane opp til henne, og pengane hadde dei med seg.

19. No svevde ho Samson i fanget sitt og ropa på ein mann som kom og raka av han dei sju hårflettene. Så tok ho til å plaga han, og styrken hans fór frå han.

20. «Filistarane er over deg, Samson!» ropa ho. Då vakna han or svevnen og tenkte: «Eg skal nok riva meg laus og gjera meg fri, som så mang ein gong før.» For han visste ikkje at Herren hadde vendt seg frå han.

21. Filistarane tok Samson, stakk ut augo på han og førte han ned til Gasa. Der batt dei han med koparlekkjer, og så laut han sveiva handkverna i fangehuset.

22. Men håret hans tok til å veksa med det same det var raka.

23. Filistarfyrstane kom no saman og bar fram eit stort slaktoffer for Dagon, guden sin, og heldt fest. Dei sa:«Vår gud har gjeve Samson,uvenen vår, i våre hender.»

24. Og då folket fekk sjå han, lova dei guden sin og sa:«Vår gud har gjeve uvenen våri våre hender,han som herja landet vårtog drap så mange av oss.»

25. Som dei no var komne i godlag, ropa dei: «Henta Samson hit, så vi kan ha moro med han.» Så henta dei Samson or fangehuset, og dei hadde moro med han. Dei stelte han opp mellom stolpane.

Les hele kapitlet Dommarane 16