Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 16:13-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Då sa Dalila til han: «Til dessa har du narra meg og loge for meg. Sei meg no korleis du kan bindast!» Han svara: «Ja, dersom du vev dei sju hårflettene mine saman med varpet i veven.»

14. Ho så gjorde og feste det med pluggen. Så ropa ho: «Filistarane er over deg, Samson!» Då vakna han or svevnen og reiv ut både vevpluggen og varpet.

15. Så sa ho til han: «Korleis kan du seia at du har meg kjær når du ikkje har tiltru til meg? No har du narra meg tre gonger og ikkje sagt kvar du har den store styrken din frå.»

16. Som ho tagg og bad dag etter dag og ikkje lét han få fred, vart han så lei seg at han mest ville døy.

17. Så sa han henne heile sanninga: «Det har aldri kome rakekniv på mitt hovud; for eg har vore ein Guds nasirear alt frå mors liv. Vert eg raka, fer styrken min frå meg; eg veiknar og vert som alle andre menneske.»

18. Då skjøna Dalila at han hadde sagt henne heile sanninga. Ho sende bod etter filistarfyrstane og sa: «Kom no opp! For denne gongen har han sagt meg heile sanninga.» Då kom filistarfyrstane opp til henne, og pengane hadde dei med seg.

19. No svevde ho Samson i fanget sitt og ropa på ein mann som kom og raka av han dei sju hårflettene. Så tok ho til å plaga han, og styrken hans fór frå han.

20. «Filistarane er over deg, Samson!» ropa ho. Då vakna han or svevnen og tenkte: «Eg skal nok riva meg laus og gjera meg fri, som så mang ein gong før.» For han visste ikkje at Herren hadde vendt seg frå han.

21. Filistarane tok Samson, stakk ut augo på han og førte han ned til Gasa. Der batt dei han med koparlekkjer, og så laut han sveiva handkverna i fangehuset.

22. Men håret hans tok til å veksa med det same det var raka.

Les hele kapitlet Dommarane 16