Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 16:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein gong kom Samson til Gasa. Der fekk han sjå ei skjøkje, og han gjekk inn til henne.

2. Då det spurdest mellom folket i Gasa at Samson var komen dit, ringa dei han inne og lurte på han attmed byporten heile natta. Men dei heldt seg i ro så lenge det var natt, og sa: «Vi ventar til det dagast; då skal vi slå han i hel.»

3. Samson vart liggjande til midnatt; då stod han opp. Han tok tak i dei to dørene i byporten og dei to portstolpane, rykte dei opp saman med portbommen og la dei på akslene. Så bar han dei opp på toppen av det fjellet som ligg midt for Hebron.

4. Sidan vart Samson glad i ei kvinne i Sorek-dalen, som heitte Dalila.

5. Då kom filistarfyrstane opp til henne og sa: «Sjå om du kan få lokka han til å seia kvar han har den store styrken sin frå, og korleis vi kan rå med han og binda han, så vi får bukt med han. Så skal kvar av oss gje deg elleve hundre sekel sølv.»

6. Då sa Dalila til Samson: «Kjære, sei meg kvar du har den store styrken din frå, og korleis du kan bindast, så ein får bukt med deg.»

7. Samson svara: «Dersom dei bind meg med sju rå senestrenger som ikkje har turka, så veiknar eg og vert som eit anna menneske.»

8. Då kom filistarfyrstane opp til henne med sju rå senestrenger som ikkje hadde turka. Dei batt ho han med,

9. og i kammeret hadde ho folk som sat på lur. Så ropa ho: «Filistarane er over deg, Samson!» Då sleit han av strengene; dei brast som ein strytråd når han kjem nær elden. Og ingen fekk vita kvar han hadde styrken sin frå.

Les hele kapitlet Dommarane 16