Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 13:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Men israelittane gjorde atter det som vondt var i Herrens augo. Då lét Herren filistarane få makt over dei, og det varte i førti år.

2. Det var ein mann av Dans-ætta som heitte Manoah. Han budde i Sora. Kona hans var barnlaus; ho kunne ikkje få born.

3. Og Herrens engel synte seg for henne og sa: «Eg veit at du er barnlaus og ikkje kan få born. Men du skal verta med barn og få ein son.

4. Akta deg no og drikk ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint!

5. For du skal verta med barn og få ein son. Det må aldri koma rakekniv på hovudet hans; for guten skal vera ein Guds nasirear alt frå mors liv, og han skal gjera opptaket til å berga Israel frå filistarane.»

6. Så gjekk kona til mannen sin og sa: «Det kom ein gudsmann til meg. Han var å sjå til som Guds engel, fælande ageleg. Eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sa han meg namnet sitt.

7. Han sa til meg: Du skal verta med barn og få ein son. Drikk no ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint! For guten skal vera ein Guds nasirear frå mors liv og til sin døyande dag.»

8. Då bad Manoah til Herren og sa: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende, koma hit att og læra oss korleis vi skal fara åt med det barnet som skal koma til verda.»

9. Gud høyrde Manoahs bøn. Og Guds engel kom att til kvinna ein gong ho sat utpå marka, og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne.

10. Då sprang ho svint heim og fortalde det til mannen sin og sa: «No har han synt seg for meg att, den mannen som kom til meg her om dagen.»

11. Manoah reiste seg og fylgde kona si. Då han kom ut til mannen, spurde han: «Er du den mannen som tala til kona mi?» «Ja,» svara han.

Les hele kapitlet Dommarane 13