Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 6:8-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Alle riksrådane, statthaldarane, satrapane, rådsherrane og landshovdingane har samrådt seg: Kongen bør fastsetja at det skal gjevast eit strengt påbod om at kvar den som i tretti dagar bed ei bøn til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehola.

9. Gjev no eit slikt påbod, konge, og skriv det opp, så det ikkje kan endrast, etter medisk eller persisk lov som ikkje kan gjerast om inkje.»

10. I samsvar med dette sette Dareios opp eit skriv med eit slikt påbod.

11. Så snart Daniel fekk vita at skrivet var utsendt, gjekk han inn i huset sitt. I tak-kammeret hadde han opne vindaugo som vende mot Jerusalem. Der fall han tre gonger om dagen på kne for sin Gud med bøn og lovprising, nett som han før hadde gjort.

12. Då kom desse mennene farande inn og fann Daniel medan han bad til sin Gud og kalla på han.

13. Så gjekk dei fram for kongen og sa: «Konge, har du ikkje sendt ut påbod om at kvar den som i tretti dagar bed til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehola?» Kongen svara: «Jau, det står fast etter medisk og persisk lov som ikkje kan gjerast om inkje.»

14. Då sa dei til kongen: «Daniel, ein av dei bortførte frå Juda, bryr seg korkje om deg eller om det påbodet du har sendt skriv om, men held si bøn tre gonger om dagen.»

15. Då kongen høyrde det, vart han ille til mote og tenkte på korleis han kunne berga Daniel. Heilt til solnedgang gjorde han det han kunne for å finna ein utveg til å fria han ut.

16. Då kom desse mennene farande inn til kongen og sa til han: «Kom i hug, konge, at det er medisk og persisk lov at ikkje noko påbod som kongen har gjeve, og inga avgjerd som han har teke, kan endrast.»

17. Så baud kongen at dei skulle henta Daniel og kasta han i løvehola. Kongen sa til Daniel: «Gjev din Gud, som du stendig dyrkar, må frelsa deg!»

18. Dei henta ein stein og la han over opninga til hola. Kongen forsegla han med sitt eige segl og med seglet åt stormennene sine, så det ikkje skulle gjerast noko om att i det som hadde hendt med Daniel.

19. Etter dette gjekk kongen heim til slottet sitt og fasta heile natta. Han lét inga av fylgjekonene sine koma inn til seg. Og han fekk ikkje sova.

20. Tidleg om morgonen, då det tok til å dagast, stod kongen opp og skunda seg til løvehola.

21. Då han kom bort til hola, ropa han full av otte på Daniel og sa til han: «Daniel, du tenar for den levande Gud, har din Gud, som du stendig dyrkar, kunna frelsa deg frå løvene?»

Les hele kapitlet Daniel 6