Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 6:14-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Då sa dei til kongen: «Daniel, ein av dei bortførte frå Juda, bryr seg korkje om deg eller om det påbodet du har sendt skriv om, men held si bøn tre gonger om dagen.»

15. Då kongen høyrde det, vart han ille til mote og tenkte på korleis han kunne berga Daniel. Heilt til solnedgang gjorde han det han kunne for å finna ein utveg til å fria han ut.

16. Då kom desse mennene farande inn til kongen og sa til han: «Kom i hug, konge, at det er medisk og persisk lov at ikkje noko påbod som kongen har gjeve, og inga avgjerd som han har teke, kan endrast.»

17. Så baud kongen at dei skulle henta Daniel og kasta han i løvehola. Kongen sa til Daniel: «Gjev din Gud, som du stendig dyrkar, må frelsa deg!»

18. Dei henta ein stein og la han over opninga til hola. Kongen forsegla han med sitt eige segl og med seglet åt stormennene sine, så det ikkje skulle gjerast noko om att i det som hadde hendt med Daniel.

19. Etter dette gjekk kongen heim til slottet sitt og fasta heile natta. Han lét inga av fylgjekonene sine koma inn til seg. Og han fekk ikkje sova.

20. Tidleg om morgonen, då det tok til å dagast, stod kongen opp og skunda seg til løvehola.

21. Då han kom bort til hola, ropa han full av otte på Daniel og sa til han: «Daniel, du tenar for den levande Gud, har din Gud, som du stendig dyrkar, kunna frelsa deg frå løvene?»

Les hele kapitlet Daniel 6