Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 6:13-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Så gjekk dei fram for kongen og sa: «Konge, har du ikkje sendt ut påbod om at kvar den som i tretti dagar bed til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehola?» Kongen svara: «Jau, det står fast etter medisk og persisk lov som ikkje kan gjerast om inkje.»

14. Då sa dei til kongen: «Daniel, ein av dei bortførte frå Juda, bryr seg korkje om deg eller om det påbodet du har sendt skriv om, men held si bøn tre gonger om dagen.»

15. Då kongen høyrde det, vart han ille til mote og tenkte på korleis han kunne berga Daniel. Heilt til solnedgang gjorde han det han kunne for å finna ein utveg til å fria han ut.

16. Då kom desse mennene farande inn til kongen og sa til han: «Kom i hug, konge, at det er medisk og persisk lov at ikkje noko påbod som kongen har gjeve, og inga avgjerd som han har teke, kan endrast.»

17. Så baud kongen at dei skulle henta Daniel og kasta han i løvehola. Kongen sa til Daniel: «Gjev din Gud, som du stendig dyrkar, må frelsa deg!»

18. Dei henta ein stein og la han over opninga til hola. Kongen forsegla han med sitt eige segl og med seglet åt stormennene sine, så det ikkje skulle gjerast noko om att i det som hadde hendt med Daniel.

19. Etter dette gjekk kongen heim til slottet sitt og fasta heile natta. Han lét inga av fylgjekonene sine koma inn til seg. Og han fekk ikkje sova.

20. Tidleg om morgonen, då det tok til å dagast, stod kongen opp og skunda seg til løvehola.

21. Då han kom bort til hola, ropa han full av otte på Daniel og sa til han: «Daniel, du tenar for den levande Gud, har din Gud, som du stendig dyrkar, kunna frelsa deg frå løvene?»

22. Då svara Daniel: «Kongen leve evig!

23. Min Gud sende engelen sin og lét att gapet på løvene, så dei ikkje har gjort meg noko vondt. For eg er funnen skuldfri for han; og mot deg, konge, har eg heller ikkje gjort noko gale.»

24. Då vart kongen hjarteglad og baud at dei skulle dra Daniel opp or hola. Då dei hadde drege Daniel opp, fanst det ingen skade på han; for han hadde sett si lit til sin Gud.

25. Kongen sa no frå at dei mennene som hadde klaga Daniel, skulle hentast og kastast i løvehola saman med borna og konene sine. Og endå før dei var komne til botnar i hola, rauk løvene på dei og krasa kvart beinet i kroppen deira.

Les hele kapitlet Daniel 6