Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 5:6-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Då vart han bleik i andletet, og tankane skræmde han. Han veikna i hoftene og skalv i knea.

7. Kongen ropa høgt at dei skulle henta åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Og han tok til ords og sa til vismennene i Babylonia: «Den mannen som kan lesa denne skrifta og seia meg kva ho tyder, han skal verta kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal han vera den tredje i riket.»

8. Alle vismennene åt kongen kom inn til han. Men dei greidde ikkje lesa skrifta eller tyda henne for kongen.

9. Då vart kong Belsasar så forfærd at han bleikna, og stormennene hans stod heilt rådville.

10. Då dronninga høyrde kva kongen og stormennene hans hadde sagt, kom ho inn i festsalen og tok til ords: «Kongen leve evig! Lat ikkje tankane skræma deg, og bleikna ikkje!

11. I riket ditt finst det ein mann som har dei heilage gudars ånd i seg. I den tid far din rådde, synte det seg at han hadde opplysning og skjøn og ein slik visdom som gudane har. Kong Nebukadnesar, far din, sette han til leiar for spåmennene, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Det gjorde far din, konge,

12. fordi det hjå Daniel – han som kongen gav namnet Beltsasar – fanst ei makelaus ånd, vit og skjøn, evne til å tyda draumar, løysa gåter og greia ut vanskelege spørsmål. Send no bod etter Daniel! Han kan seia deg kva skrifta tyder.»

13. Så henta dei Daniel inn til kongen, og kongen sa til han: «Så du er Daniel, ein av dei bortførte judearane, som far min, kongen, tok med seg hit frå Juda!

14. Eg har høyrt om deg at gudars ånd er i deg, og at du har synt at du har opplysning, skjøn og makelaus visdom.

15. No er vismennene og åndemanarane henta hit til meg for å lesa denne skrifta og tyda henne for meg. Men dei kan ikkje seia meg kva ho tyder.

Les hele kapitlet Daniel 5