Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 5:18-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Konge, Den Høgste Gud gav Nebukadnesar, far din, kongedøme og makt, ære og herlegdom.

19. Og fordi Gud hadde gjeve han så stor makt, skalv alle folk og ætter med ulike språk for han og var redde. Kven han ville, drap han, og kven han ville, lét han leva; kven han ville, gjorde han stor, og kven han ville, gjorde han liten.

20. Men då han vart stor i eigne tankar, og hugen hans vart stolt og hovmodig, vart han støytt ned frå kongsstolen sin, og æra hans vart teken frå han.

21. Han vart utstøytt frå menneska, og hjarta hans vart som eit dyrehjarta. Han heldt til mellom villesla og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til dess han sanna at Den Høgste Gud rår over kongedømet blant menneska og kan gje det til kven han vil.

22. Men du, Belsasar, son hans, har ikkje audmykt deg, endå du visste alt dette.

23. Du har opphøgt deg mot herren over himmelen; kara frå huset hans har dei kome til deg med, og du og stormennene dine, konene og fylgjekonene dine har drukke vin or dei. Du prisa gudane dine av sølv og gull, kopar og jern, tre og stein, dei som korkje ser eller høyrer eller skjønar. Men den Gud som har ditt liv i si hand, og som rår for heile din lagnad, han har du ikkje æra.

24. Difor vart denne handa send frå han og denne skrifta skriven.

25. Dette er det som vart skrive: ‘mene, mene, tekel ufarsin.‘

26. Og såleis skal orda tydast: ‘Mene‘ – ’talt’ har Gud dagane åt kongedømet ditt og gjort ende på det.

27. ‘Tekel‘ – ’vegen’ er du på vekta og funnen for lett.

28. ‘Peres‘ – ’delt’ er riket ditt og gjeve til medarane og persarane.»

29. Då baud Belsasar at dei skulle kle Daniel i purpur, hengja gullkjede om halsen hans og ropa ut at han i makt skulle vera den tredje i riket.

30. Men same natta vart Belsasar, kaldearkongen, drepen.

Les hele kapitlet Daniel 5