Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 5:11-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. I riket ditt finst det ein mann som har dei heilage gudars ånd i seg. I den tid far din rådde, synte det seg at han hadde opplysning og skjøn og ein slik visdom som gudane har. Kong Nebukadnesar, far din, sette han til leiar for spåmennene, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Det gjorde far din, konge,

12. fordi det hjå Daniel – han som kongen gav namnet Beltsasar – fanst ei makelaus ånd, vit og skjøn, evne til å tyda draumar, løysa gåter og greia ut vanskelege spørsmål. Send no bod etter Daniel! Han kan seia deg kva skrifta tyder.»

13. Så henta dei Daniel inn til kongen, og kongen sa til han: «Så du er Daniel, ein av dei bortførte judearane, som far min, kongen, tok med seg hit frå Juda!

14. Eg har høyrt om deg at gudars ånd er i deg, og at du har synt at du har opplysning, skjøn og makelaus visdom.

15. No er vismennene og åndemanarane henta hit til meg for å lesa denne skrifta og tyda henne for meg. Men dei kan ikkje seia meg kva ho tyder.

16. Men eg har høyrt om deg at du kan gje tydingar og greia ut vanskelege spørsmål. Kan du no lesa skrifta og seia meg kva ho tyder, skal du verta kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal du vera den tredje i riket.»

17. Då tok Daniel til ords og sa til kongen: «Gåvene dine kan du ha sjølv eller gje dei til ein annan! Men skrifta på veggen skal eg lesa for kongen og fortelja kva ho tyder.

18. Konge, Den Høgste Gud gav Nebukadnesar, far din, kongedøme og makt, ære og herlegdom.

19. Og fordi Gud hadde gjeve han så stor makt, skalv alle folk og ætter med ulike språk for han og var redde. Kven han ville, drap han, og kven han ville, lét han leva; kven han ville, gjorde han stor, og kven han ville, gjorde han liten.

Les hele kapitlet Daniel 5