Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 2:4-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Stjernetydarane svara kongen på arameisk: «Kongen leve evig! Fortel tenarane dine draumen, så skal vi seia deg kva han tyder.»

5. Då sa kongen til stjernetydarane: «Det er min faste vilje at dersom de ikkje fortel meg draumen og tyder han, skal de hoggast i sund, og husa dykkar skal verta til ein grushaug.

6. Men dersom de fortel meg draumen og tyder han, skal de få rike gåver og stor ære av meg. Fortel meg difor draumen og sei kva han tyder!»

7. Då svara dei andre gongen: «Kongen må fortelja tenarane sine draumen, så skal vi seia deg kva han tyder.»

8. Kongen sa: «Eg skjønar godt at de prøver å vinna tid, fordi de ser at ordet mitt står fast:

9. Dersom de ikkje kan fortelja meg draumen, vil same domen råka dykk alle. Men de har vorte samde om å føra meg bak ljoset med ei lygn, i von om at tidene skal snu. Fortel meg difor draumen, så veit eg at de òg kan seia meg kva han tyder!»

10. Stjernetydarane svara kongen: «Det finst ikkje eit menneske på jorda som kan fortelja kongen det han vil vita. For aldri har nokon konge, kor stor og mektig han var, kravt noko slikt av ein spåmann, åndemanar eller stjernetydar.

11. Det kongen krev, er for vanskeleg. Det finst ikkje andre enn gudane som kan fortelja kongen det han vil vita, og dei bur ikkje mellom døyelege menneske.»

12. Kongen vart arg og sint for dette og baud at dei skulle drepa alle vismennene i Babylonia.

Les hele kapitlet Daniel 2