Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 2:34-49 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. Medan du stod og såg på biletstøtta, vart ein stein riven laus, men ikkje med menneskehender, og han råka føtene, som var av jern og leire, og krasa dei.

35. Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, koparen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det og føykte det bort, så det ikkje fanst dusta att. Men steinen som hadde råka biletet, vart til eit stort fjell, som fylte heile jorda.

36. Det var draumen, og no skal vi fortelja kongen kva han tyder.

37. Konge, du konge over kongane, som Gud i himmelen har gjeve kongedøme, makt og styrke og ære!

38. Menneska, kvar dei så bur, dyra på marka og fuglane under himmelen, alle har han gjeve i di hand, og han har sett deg til herre over dei. Det er du som er hovudet av gull.

39. Men etter deg skal det koma eit anna kongerike, ringare enn ditt, og så eit tredje rike, av kopar, som skal råda over heile jorda.

40. Sidan skal det koma eit fjerde rike, sterkt som jern. Liksom jernet knasar og krasar alt, så skal dette riket – som knasande jern – slå sund og krasa alle dei andre.

41. Føtene og tærne var, som du såg, dels av krusmakarleire, dels av jern. Det tyder at riket skal vera delt. Men eit stykke på veg skal det vera fast som jernet. Du såg då at jernet var blanda med leire.

42. At tærne på føtene dels var av jern og dels av leire, det tyder at riket for ein del skal vera sterkt, men for ein del veikt.

43. Når jernet, som du såg, var blanda med leire, tyder det at dei skal blanda seg ved giftarmål. Men dei skal likevel ikkje halda i hop, like lite som jern kan blanda seg med leire.

44. Men på den tid då desse kongane rår, skal Gud i himmelen skipa eit rike som aldri i æve går til grunne. Det riket skal ikkje gå over til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle dei andre rika, men sjølv skal det stå til evig tid.

45. Du såg då at ein stein vart riven laus or fjellet, men ikkje med menneskehender, og han krasa jernet, koparen, leira, sølvet og gullet. Den store Gud har no kunngjort kongen det som heretter skal henda. Draumen er sann, og tydinga er påliteleg.»

46. Då kasta kong Nebukadnesar seg ned med andletet mot jorda og viste Daniel ære. Han baud at dei skulle bera fram offer og røykjelse for han.

47. Og kongen tok til ords og sa til Daniel: «Sanneleg, den guden de dyrkar, er gud over alle gudar og herre over alle kongar. Han openberrar løyndomar, sidan du har greitt å openberra denne løyndomen.»

48. Så lét kongen Daniel få ei høg stilling og gav han mange store gåver. Han sette han til herre over heile provinsen Babylon og til øvste leiaren for alle vismennene der.

49. På Daniels bøn sette kongen Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego til å styra i provinsen Babylon. Men Daniel sjølv vart verande i kongsgarden.

Les hele kapitlet Daniel 2