Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 2:31-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Konge, i synet såg du ei veldig biletstøtte. Denne støtta var stor og stråla sterkt. Ho stod beint framfor deg og såg skræmeleg ut.

32. Hovudet på støtta var av reint gull, brystet og armane av sølv, magen og hoftene av kopar;

33. leggene var av jern og føtene dels av jern, dels av brend leire.

34. Medan du stod og såg på biletstøtta, vart ein stein riven laus, men ikkje med menneskehender, og han råka føtene, som var av jern og leire, og krasa dei.

35. Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, koparen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det og føykte det bort, så det ikkje fanst dusta att. Men steinen som hadde råka biletet, vart til eit stort fjell, som fylte heile jorda.

36. Det var draumen, og no skal vi fortelja kongen kva han tyder.

37. Konge, du konge over kongane, som Gud i himmelen har gjeve kongedøme, makt og styrke og ære!

38. Menneska, kvar dei så bur, dyra på marka og fuglane under himmelen, alle har han gjeve i di hand, og han har sett deg til herre over dei. Det er du som er hovudet av gull.

39. Men etter deg skal det koma eit anna kongerike, ringare enn ditt, og så eit tredje rike, av kopar, som skal råda over heile jorda.

40. Sidan skal det koma eit fjerde rike, sterkt som jern. Liksom jernet knasar og krasar alt, så skal dette riket – som knasande jern – slå sund og krasa alle dei andre.

41. Føtene og tærne var, som du såg, dels av krusmakarleire, dels av jern. Det tyder at riket skal vera delt. Men eit stykke på veg skal det vera fast som jernet. Du såg då at jernet var blanda med leire.

Les hele kapitlet Daniel 2