Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 2:1-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det andre året Nebukadnesar var konge, hadde han draumar som gjorde han så uroleg i hugen at han ikkje fekk sova.

2. Då sende kongen bod etter spåmennene, åndemanarane, trollmennene og stjernetydarane, og ville at dei skulle fortelja han kva han hadde drøymt. Dei kom og steig fram for kongen.

3. Og han sa til dei: «Eg har hatt ein draum som gjer meg så uroleg i hugen. Eg ynskjer å få vita kva eg har drøymt.»

4. Stjernetydarane svara kongen på arameisk: «Kongen leve evig! Fortel tenarane dine draumen, så skal vi seia deg kva han tyder.»

5. Då sa kongen til stjernetydarane: «Det er min faste vilje at dersom de ikkje fortel meg draumen og tyder han, skal de hoggast i sund, og husa dykkar skal verta til ein grushaug.

6. Men dersom de fortel meg draumen og tyder han, skal de få rike gåver og stor ære av meg. Fortel meg difor draumen og sei kva han tyder!»

7. Då svara dei andre gongen: «Kongen må fortelja tenarane sine draumen, så skal vi seia deg kva han tyder.»

8. Kongen sa: «Eg skjønar godt at de prøver å vinna tid, fordi de ser at ordet mitt står fast:

9. Dersom de ikkje kan fortelja meg draumen, vil same domen råka dykk alle. Men de har vorte samde om å føra meg bak ljoset med ei lygn, i von om at tidene skal snu. Fortel meg difor draumen, så veit eg at de òg kan seia meg kva han tyder!»

10. Stjernetydarane svara kongen: «Det finst ikkje eit menneske på jorda som kan fortelja kongen det han vil vita. For aldri har nokon konge, kor stor og mektig han var, kravt noko slikt av ein spåmann, åndemanar eller stjernetydar.

11. Det kongen krev, er for vanskeleg. Det finst ikkje andre enn gudane som kan fortelja kongen det han vil vita, og dei bur ikkje mellom døyelege menneske.»

12. Kongen vart arg og sint for dette og baud at dei skulle drepa alle vismennene i Babylonia.

13. Då påbodet om å drepa vismennene var utsendt, leita dei òg etter Daniel og venene hans og ville slå dei i hel.

14. Då vende Daniel seg med kloke og vituge ord til Arjok, hovdingen over livvakta åt kongen, som hadde drege ut for å drepa vismennene i Babylonia.

15. Han tok til ords og spurde Arjok, hovudsmannen åt kongen: «Kvifor har kongen gjeve dette strenge påbodet?» Då fortalde Arjok Daniel korleis det hadde seg.

16. Daniel gjekk då inn og bad kongen gje han ein frist, så skulle han tyda draumen for han.

17. Sidan gjekk Daniel heim og fortalde venene sine, Hananja, Misjael og Asarja, det som hadde hendt.

18. Han ville at dei skulle be Gud i himmelen visa miskunn og openberra denne løyndomen, så Daniel og venene hans ikkje skulle missa livet saman med dei andre vismennene i Babylonia.

19. Då fekk Daniel vita løyndomen i eit syn om natta. Og Daniel prisa Gud i himmelen.

Les hele kapitlet Daniel 2