Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 5:8-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Du skal ikkje laga deg noko gudebilete, ikkje noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda.

9. Du skal ikkje bøya deg og tilbe dei og ikkje dyrka dei. For eg, Herren din Gud, er ein brennhuga Gud, som lèt straffa for synda åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden når dei hatar meg,

10. men gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar meg og held boda mine.

11. Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud; for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans.

12. Du skal akta på kviledagen og halda han heilag, så som Herren din Gud har bode deg!

13. Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning.

14. Men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di eller tenaren din eller tenestkvinna di eller oksen eller eselet eller noko anna av dyra dine, eller innflyttaren i byane dine. Tenaren og tenestkvinna skal få kvila, dei som du.

15. Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt då Herren din Gud førte deg ut derifrå med sterk hand og strak arm. Difor har Herren din Gud sagt deg at du skal halda sabbatsdagen.

16. Æra far din og mor di, som Herren din Gud har bode deg; då skal du få leva lenge, og det skal gå deg vel i det landet Herren din Gud gjev deg.

17. Du skal ikkje slå i hel.

18. Du skal ikkje bryta ekteskapet.

19. Du skal ikkje stela.

20. Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.

21. Du skal ikkje trå etter kona åt nesten din. Du skal ikkje trå etter huset åt nesten din eller jorda hans, tenaren eller tenestkvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 5