Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 5:22-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Desse orda tala Herren oppe på fjellet med høg røyst til dykk, heile Israels-lyden, midt ut or elden, skya og mørkret. Meir sa han ikkje. Men han skreiv boda på to steintavler, som han gav meg.

23. Då de høyrde røysta ut or mørkret, medan fjellet stod i ljos loge, kom de til meg, alle ættehovdingane og dei eldste mellom dykk,

24. og sa: «Sjå, Herren vår Gud har synt oss sin herlegdom og sitt velde, og vi har høyrt røysta hans ut or elden. I dag har vi sett at Gud kan tala med menneske utan at dei døyr.

25. Kvifor skal vi då døy no? Denne store elden kjem til å tyna oss. Høyrer vi endå lenger på røysta åt Herren vår Gud, så døyr vi.

26. Kvar finst det eit menneske på jorda som har høyrt den levande Gud tala midt ut or elden, så som vi, og endå fått leva?

27. Gå du bortåt og høyr kva Herren vår Gud seier! Så kan du leggja det fram for oss, alt det han talar til deg, og vi skal høyra og lyda.»

28. Då Herren høyrde dei orda de tala til meg, sa han til meg: «Eg høyrde kva dette folket sa til deg. Det er rett alt det dei seier.

29. Gjev dei alle sine dagar må ha det same huglaget, så dei ottast meg og held alle boda mine. Då skal det alltid gå dei og borna deira vel.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 5