Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 33:24-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Om Asjer sa han:Mest velsigna av søner er Asjer.Han skal vera ¬den kjæraste mellom brørneog duppa foten i olje.

25. Dine bommar skal vera ¬av jern og bronse;som dine dagar er, ¬skal din styrke vera.

26. Det finst ingen som Gud, ¬Jesjurun.Han fer deg til hjelp ¬over himmelenog rid i sitt velde på skyene.

27. Ein bustad ¬er den eldgamle Gud,her nede er hans evige armar.Han driv bort for deg fiendenog seier: «Ryd ut!»

28. Så bur Israel trygt,Jakobs kjelde har fredi eit land med korn og vin,der dogga dryp frå himmelen.

29. Å, Israel, kor du er sæl!Kven er som du?– eit folk som får hjelp ¬frå Herren,ditt vernande skjold ¬og ditt veldige sverd.Dine fiendar skal krypa for deg,medan du skrid fram ¬over høgdene deira.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 33