Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 31:5-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Han skal gje dei i dykkar hand, og de skal i eitt og alt gjera med dei som eg har sagt.

6. Ver djerve og sterke! Ver ikkje redde, og lat dykk ikkje skræma av dei! For Herren din Gud er med deg. Han slepper deg ikkje og går ikkje frå deg.

7. Så kalla Moses til seg Josva og sa til han medan alle israelittane høyrde på: Ver djerv og sterk! For du skal føra dette folket inn i det landet Herren med eid lova å gje fedrane deira, og skifta det mellom dei.

8. Herren sjølv skal gå føre deg. Han skal vera med deg. Han skal ikkje sleppa deg og ikkje gå frå deg. Ver ikkje redd, og miss ikkje motet!

9. Så skreiv Moses opp denne lova og gav henne til prestane, Levi-sønene, som bar Herrens paktkiste, og til alle dei eldste i Israel.

10. Og han sa til dei: Kvart sjuande år, i ettergjevingsåret, når de held lauvhyttehelg,

11. og heile Israel kjem og stig fram for Herren din Gud på den staden han vel seg ut, då skal denne lova lesast opp for heile Israel.

12. Kall folket saman, menn, kvinner og born, og innflyttarane som bur i byane dine. Lat dei få høyra lova, så dei kan læra å ottast Herren dykkar Gud og leggja vinn på å leva etter alle boda i denne lova.

13. Og borna deira, som enno ikkje kjenner lova, skal høyra henne, så dei kan læra å ottast Herren dykkar Gud så lenge de lever i det landet de skal leggja under dykk når de går over Jordan.

14. Herren sa til Moses: Sjå, no lid det til den tid at du skal døy. Kall Josva hit og kom fram til møteteltet, både du og han, så skal eg seia frå kva han skal gjera. Så gjekk Moses og Josva fram til møteteltet og vart ståande der.

15. Då synte Herren seg i teltet i ei skystøtte, og skystøtta stod attmed teltdøra.

16. Herren sa til Moses: Når du kviler hjå fedrane dine, kjem dette folket til å vera trulaust og halda seg til framande gudar i det landet dei er komne inn i. Dei kjem til å venda seg frå meg og bryta den pakta eg har gjort med dei.

17. På den tid skal vreiden min loga opp mot dei. Eg skal venda meg frå dei og løyna andletet mitt for dei, så dei vert tynte. Mange ulukker og trengsler skal koma over dei. Då skal dei seia: «Når desse ulukkene kjem over meg, er det vel fordi min Gud ikkje er med meg.»

18. Men på den tid vil eg løyna andletet mitt for dei, av di dei har gjort så mykje vondt; dei har vendt seg til andre gudar.

19. Skriv no opp dette kvadet, og lat israelittane læra det! Lat dei ta det opp att, så det kan vera mitt vitne mot dei.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 31