Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 31:17-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. På den tid skal vreiden min loga opp mot dei. Eg skal venda meg frå dei og løyna andletet mitt for dei, så dei vert tynte. Mange ulukker og trengsler skal koma over dei. Då skal dei seia: «Når desse ulukkene kjem over meg, er det vel fordi min Gud ikkje er med meg.»

18. Men på den tid vil eg løyna andletet mitt for dei, av di dei har gjort så mykje vondt; dei har vendt seg til andre gudar.

19. Skriv no opp dette kvadet, og lat israelittane læra det! Lat dei ta det opp att, så det kan vera mitt vitne mot dei.

20. No fører eg dei inn i det landet som eg med eid lova fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning. Men når dei har ete seg mette og er vortne feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og dyrka dei. Dei kjem til å vanvørda meg og bryta mi pakt.

21. Når då mange ulukker og trengsler møter dei, skal dette kvadet lyda for dei, og etterkomarane deira skal seia det fram og aldri gløyma det; det skal vera eit vitne for dei om at eg kjenner dei tankar dei gjer seg i dag, alt før eg lèt dei gå inn i det landet som eg med eid har lova fedrane deira.

22. Same dagen skreiv Moses opp dette kvadet og lét israelittane læra det.

23. Og Herren sa til Josva Nunsson: «Ver djerv og sterk! Det er du som skal føra israelittane inn i det landet eg med eid har lova dei. Eg skal vera med deg.»

24. Då Moses var ferdig med å skriva opp i ei bok alle orda i denne lova, frå fyrst til sist,

25. sa han til levittane, som bar Herrens paktkiste:

26. Ta denne lovboka og legg henne ned attmed paktkista åt Herren dykkar Gud. Der skal ho liggja og vera eit vitne mot deg.

27. For eg veit kor trassig og strid du er. Har de ikkje alt no medan eg lever og er mellom dykk, vist trass mot Herren? Kor mykje meir når eg er borte!

Les hele kapitlet 5. Mosebok 31