Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 28:41-58 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

41. Søner og døtrer skal du få, men du skal missa dei; for dei må fara i fangenskap.

42. Alle trea dine og grøda på jorda di skal grashoppene ta.

43. Innflyttaren som bur hjå deg, skal nå høgare og høgare, medan du sig djupare og djupare.

44. Han skal låna ut til deg, men du har ingen ting å låna han. Han skal vera hovud og du hale.

45. Alle desse forbanningane skal koma over deg. Dei skal forfylgja deg og nå deg att til du vert utrudd, fordi du ikkje lydde Herren din Gud og ikkje heldt dei bod og føresegner som han har gjeve deg.

46. Dei skal vera teikn og under for deg og etterkomarane dine til alle tider.

47. Du tente ikkje Herren din Gud med glede og av hjartans lyst då du hadde rikeleg av alt.

48. Difor skal du, svolten, tyrst og kledelaus, ja snau for alt, træla under dei fiendane Herren sender imot deg. Han skal leggja eit jernåk på nakken din, heilt til han har rudt deg ut.

49. Herren vil senda mot deg eit folk langt bortanfrå, frå verdsens ende. Dei kjem flygande som ørnar, og du skjønar ikkje språket deira.

50. Det er eit folk med harde andlet; dei tek ikkje omsyn til dei gamle og er ikkje milde mot dei unge.

51. Dei et opp det du får av buskapen, og det du dyrkar på jorda, til det er ute med deg. Dei leiver korkje korn, vin eller olje, korkje ungdyra i storfeet ditt eller det som kjem til mellom småfeet ditt, før dei har gjort ende på deg.

52. Dei kringset deg i alle byane dine, til dess dei høge festningsmurane som du set di lit til, styrtar ned. Og når dei kringset deg i alle byane i heile det landet som Herren din Gud gjev deg,

53. då skal du eta dine eigne born, kjøtet av sønene og døtrene dine, som Herren din Gud gjev deg; så stor ei trengsle og hard ei naud kjem fienden til å føra over deg.

54. Jamvel den finaste og mest bortskjemde mannen hjå dykk vil då sjå skeivt til bror sin og kona si som han tek i famn, og til dei borna han enno har att.

55. Han unner ingen av dei ein kjøtbit av borna som han et, fordi han ikkje har anna att i den trengsle og naud som fienden fører over deg i alle byane dine.

56. Jamvel den finaste og mest bortskjemde kvinna, som aldri har prøvt å setja foten på jorda, så fin og bortskjemd som ho var, vil sjå skeivt til mannen sin som ho tek i famn, og til son sin og dotter si.

57. Ho vil ikkje dela med dei etterferda som kjem ut or henne, eller borna ho har født. Og snøydd for alt et ho dei i løynd, i den trengsle og naud som fienden fører over deg i byane dine.

58. Dersom du ikkje legg vinn på å leva etter alle dei lovbod som er skrivne i denne boka, og ikkje ottast dette herlege og agelege namnet, Herren din Gud,

Les hele kapitlet 5. Mosebok 28