Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 28:29-48 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Midt på dagen lyt du trivla deg fram som den blinde trivlar i mørkret.Du skal ikkje ha lukke med deg der du ferdast, men dag etter dag skal du trælkast og plyndrast, og det finst ingen som hjelper deg.

30. Om du trulovar deg med ei kvinne, skal ein annan mann ta og krenkja henne. Byggjer du deg hus, får du ikkje bu i det, og plantar du ein vingard, får du ikkje ta han i bruk.

31. Oksen din skal slaktast medan du ser på, men du får ikkje eta av han. Eselet ditt skal røvast beint for augo dine og kjem aldri tilbake til deg. Småfeet ditt skal fiendane få, og ingen kjem deg til hjelp.

32. Sønene og døtrene dine skal gjevast til eit framandt folk, medan du ser på. Heile dagen skal du stira etter dei med lengsle, men handa di er maktlaus.

33. Eit folk du ikkje kjenner, skal eta opp det du har avla på jorda di, og det du har vunne med alt ditt strev. Dag etter dag skal du trælkast og trakkast ned.

34. Du kjem til å missa vitet av det synet du får sjå.

35. Herren skal slå deg på kne og på lår med vonde svullar som ikkje kan lækjast; dei skal breia seg frå hovud til hæl.

36. Både deg og den kongen du set over deg, skal Herren føra bort til eit folk som korkje du eller fedrane dine har kjent, og der skal du dyrka andre gudar, gudar av stokk og stein.

37. Der skal du verta eit skræmsel, eit ordtak og eit spottord mellom alle dei folk som Herren fører deg bort til.

38. Mykje korn skal du så i åkeren, men lite skal du hausta inn; for grashoppene et det opp.

39. Vingardar skal du planta og dyrka, men vin får du korkje drikka eller lagra; for makken et opp druene.

40. Oliventre skal du ha i heile landet, men du får ikkje salva deg med olje; for frukta dett ned.

41. Søner og døtrer skal du få, men du skal missa dei; for dei må fara i fangenskap.

42. Alle trea dine og grøda på jorda di skal grashoppene ta.

43. Innflyttaren som bur hjå deg, skal nå høgare og høgare, medan du sig djupare og djupare.

44. Han skal låna ut til deg, men du har ingen ting å låna han. Han skal vera hovud og du hale.

45. Alle desse forbanningane skal koma over deg. Dei skal forfylgja deg og nå deg att til du vert utrudd, fordi du ikkje lydde Herren din Gud og ikkje heldt dei bod og føresegner som han har gjeve deg.

46. Dei skal vera teikn og under for deg og etterkomarane dine til alle tider.

47. Du tente ikkje Herren din Gud med glede og av hjartans lyst då du hadde rikeleg av alt.

48. Difor skal du, svolten, tyrst og kledelaus, ja snau for alt, træla under dei fiendane Herren sender imot deg. Han skal leggja eit jernåk på nakken din, heilt til han har rudt deg ut.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 28