Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 25:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når det kjem til rettssak mellom to menn, og dei møter for retten, skal domarane avgjera saka. Dei skal frikjenna den som har rett, og døma den som er skuldig.

2. Dersom den skuldige skal straffast med slag, skal domaren la han leggja seg ned, og medan han ser på, skal dei gje mannen så mange slag som han fortener etter den uretten han har gjort.

3. Førti slag kan dei gje han, ikkje meir. Gjev dei han fleire, vert landsmannen din halden for ærelaus.

4. Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer.

5. Når brør bur saman, og ein av dei døyr utan å ha fått søner, skal ikkje enkja hans gifta seg ut or ætta, med ein framand. Bror til mannen hennar skal gå inn til henne og ta henne til kone og såleis gjera sin skyldnad mot henne.

6. Den fyrste sonen ho får, skal reknast for son til den avlidne broren, så namnet hans ikkje skal døy ut i Israel.

7. Men har ikkje mannen hug til å gifta seg med enkja etter bror sin, skal ho gå til dei eldste utmed byporten og seia: «Verbror min nektar å halda oppe namnet åt bror sin i Israel. Han vil ikkje gjera sin skyldnad mot meg.»

Les hele kapitlet 5. Mosebok 25