Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 12:11-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Då skal den staden som Herren dykkar Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, vera den einaste staden de kjem til med alt eg har bode dykk: brennoffera og slaktoffera dykkar, tiendene og avgiftene og alle utvalde offer som de lovar Herren.

12. De skal gleda dykk for Herren dykkar Guds åsyn, de og sønene og døtrene dykkar, trælane og trælkvinnene dykkar og levittane som bur i byane dykkar, for dei har ingen arv og del saman med dykk.

13. Ta deg i vare så du ikkje ber fram brennoffera dine på kvar heilag stad du ser.

14. Berre på den staden Herren vel seg ut i ei av ættene dine, skal du bera fram brennoffera dine, og der skal du gjera alt det eg byd deg.

15. Elles kan du slakta og eta kjøt så mykje du har hug til i alle byane dine, etter som Herren din Gud gjev deg signing til. Både ureine og reine kan eta det, liksom dei et kjøtet av gasell og hjort.

16. Men blodet må de ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn!

17. Heime i byane dine må du ikkje eta tienda av kornet ditt, vinen din eller oljen din, heller ikkje det som er fyrstefødt av storfeet og småfeet ditt, eller noko av lovnadsoffera og dei friviljuge offera du gjev, og avgiftene du ber fram.

18. Men du skal eta det for Herren din Guds åsyn, på den staden han vel seg ut, du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di og levittane som bur i byane dine, og du skal gleda deg for Herren din Guds åsyn over alt det du har vunne med arbeidet ditt.

19. Ta deg i vare så du ikkje gløymer levitten så lenge du lever på jorda di.

20. Når Herren din Gud vidar ut grensene dine, så som han har lova deg, og du seier: «Eg vil eta kjøt,» fordi du har hug på det, kan du eta kjøt så mykje du vil.

21. Har du lang veg til den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, kan du gjera som eg har sagt deg, du kan slakta av storfeet og småfeet ditt som Herren gjev deg, og eta av det heime hjå deg sjølv så mykje du har hug på.

22. Men et det som du et kjøtet av gasell og hjort! Både ureine og reine kan eta av det.

23. Hald deg berre frå å eta blodet! For blodet er livet, og du må ikkje eta livet saman med kjøtet.

24. Et ikkje blodet, men slå det ut på marka som vatn!

Les hele kapitlet 5. Mosebok 12