Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 11:14-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. skal eg la landet få regn i rette tid, haustregn og vårregn, så du kan hausta inn kornet og vinen og oljen.

15. Gras skal eg la veksa på marka for buskapen din, og du skal få eta deg mett.

16. Men akta dykk vel at de ikkje lèt dykk lokka til fråfall, så de dyrkar andre gudar og bøyer dykk og tilbed dei.

17. For då logar Herrens vreide opp mot dykk. Han stengjer himmelen, så det ikkje kjem regn, og jorda ikkje gjev grøde. Og de går snart til grunne i det gode landet som Herren gjev dykk.

18. Så legg dykk då desse orda mine på hjarta og minne! Bind dei på handa til merke og ber dei på panna som ein minnesetel!

19. Lat borna læra dei på den måten at du talar om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.

20. Skriv dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine!

21. Då skal de og borna dykkar få leva lenge i det landet Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, like lenge som himmelen kvelver seg over jorda.

22. Legg de vinn på å halda alle desse boda som eg gjev dykk, og lever etter dei, elskar de Herren dykkar Gud, går de alltid på hans vegar og held dykk til han,

23. så skal Herren driva ut alle desse folkeslaga for dykk, og de skal jaga bort folk som er større og sterkare enn de.

24. Kvar stad som de set foten på, skal høyra dykk til. Frå øydemarka og Libanon, frå Storelva, Eufrat, til havet i vest skal grensene dykkar gå.

25. Ingen skal kunna stå seg mot dykk. Herren dykkar Gud skal la heile det landet som de set foten på, skjelva av redsle for dykk, så som han har lova.

26. Sjå, i dag legg eg fram for dykk velsigning og forbanning:

27. velsigning, så sant de lyder boda åt Herren dykkar Gud, som eg gjev dykk i dag;

28. forbanning, dersom de ikkje lyder boda åt Herren dykkar Gud, men vik av frå den vegen eg i dag byd dykk å gå, og held dykk til andre gudar, som de ikkje kjenner.

29. Når Herren din Gud har ført deg til det landet du no går inn i og legg under deg, skal du lysa velsigning på Garisim-fjellet og forbanning på Ebal-fjellet.

30. Desse fjella ligg, som de veit, på hi sida av Jordan, mot vest, i landet åt dei kanaanearane som bur i Jordan-dalen, midt for Gilgal, ved More-eika.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 11