Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 9:1-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, i den fyrste månaden, tala Herren til Moses i Sinai-øydemarka og sa:

2. «Israelittane skal halda påske til fastsett tid.

3. Den fjortande dagen i denne månaden, straks etter soleglad, skal de halda helg, på den tid som er fastsett. Og de skal gjera det etter alle dei lover og føresegner som gjeld.»

4. Då sa Moses til israelittane at dei skulle halda påske.

5. Og så heldt dei påskehelg i Sinai-øydemarka den fjortande dagen i den fyrste månaden, straks etter soleglad. Israelittane gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt Moses føre.

6. No var det nokre menn som hadde kome nær eit lik og vorte ureine, så dei ikkje kunne halda påske den dagen. Desse mennene gjekk same dagen fram for Moses og Aron

7. og sa: «Vi har kome nær eit lik og er vortne ureine. Kvifor har ikkje vi lov til å bera fram ei offergåve til Herren på høgtida saman med dei andre israelittane?»

8. Då svara Moses: «Venta litt, så skal eg høyra kva påbod Herren gjev om dykk!»

9. Herren sa til Moses:

10. Tal til israelittane og sei: Om nokon av dykk eller etterkomarane dykkar kjem nær lik og vert ureine, eller om dei er på langferd, skal dei like fullt halda påske for Herren.

11. Den fjortande dagen i den andre månaden, straks etter soleglad, skal dei halda helg. Dei skal eta påskelammet med usyrt brød og bitre urter attåt.

12. Dei må ikkje leiva noko av lammet til om morgonen og ikkje bryta bein i det. Alle dei føresegnene som gjeld for påskehelga, skal dei fylgja.

13. Dersom ein mann som er rein og ikkje er på reis, lèt vera å halda påske, skal han rydjast ut or folket sitt, fordi han ikkje har bore fram offergåvene til Herren på høgtida. Den mannen må bøta for si synd.

14. Når ein innflyttar som bur hjå dykk, vil halda påske for Herren, skal han òg fylgja dei lovene og føresegnene som gjeld for påskehelga. Ei og same lov skal gjelda for alle, både for innflyttaren og for den som er fødd og fostra i landet.

15. Den dagen heilagdomen vart reist, la skya seg over han, over lovteltet. Om kvelden var det som ein eld å sjå over heilagdomen, og den heldt seg til om morgonen.

16. Såleis var det støtt. Skya låg over teltet, og om natta var ho liksom ein eld.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 9