Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 7:2-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. då kom Israels hovdingar fram, dei som var leiarar for ættgreinene og hovdingar over ættene, dei som stod over alle som var mønstra.

3. Dei førte offergåvene sine fram for Herren: seks vogner med tak og tolv oksar, ei vogn for to hovdingar og ein okse for kvar av dei. Alt dette kom dei fram til heilagdomen med.

4. Herren sa til Moses:

5. «Ta imot desse gåvene! Dei skal brukast til tenesta ved møteteltet. Gjev dei til levittane, etter som kvar treng det til arbeidet sitt.»

6. Så tok Moses imot vognene og oksane og gav dei til levittane.

7. Gersjon-sønene fekk to vogner og fire oksar til det arbeidet dei skulle ha.

8. Merari-sønene fekk fire vogner og åtte oksar til det arbeidet dei skulle ha. Og Itamar, son til Aron, presten, hadde tilsyn med dei.

9. Kehat-sønene fekk ikkje noko; for dei skulle ta vare på dei heilage tinga og bera dei på akslene.

10. Den dagen altaret vart salva, kom hovdingane med offergåver til vigslinga og bar dei fram til altaret.

11. Då sa Herren til Moses: «Lat hovdingane koma kvar sin dag med gåvene sine til altarvigsla!»

12. Den som bar fram gåva si fyrste dagen, var Naksjon, son til Amminadab, frå Juda-ætta.

13. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, og ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer,

Les hele kapitlet 4. Mosebok 7