Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 7:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Moses var ferdig med å reisa heilagdomen, då han hadde salva og vigsla han og alt utstyret der og like eins hadde salva og vigsla altaret med alt det som høyrer til,

2. då kom Israels hovdingar fram, dei som var leiarar for ættgreinene og hovdingar over ættene, dei som stod over alle som var mønstra.

3. Dei førte offergåvene sine fram for Herren: seks vogner med tak og tolv oksar, ei vogn for to hovdingar og ein okse for kvar av dei. Alt dette kom dei fram til heilagdomen med.

4. Herren sa til Moses:

5. «Ta imot desse gåvene! Dei skal brukast til tenesta ved møteteltet. Gjev dei til levittane, etter som kvar treng det til arbeidet sitt.»

6. Så tok Moses imot vognene og oksane og gav dei til levittane.

7. Gersjon-sønene fekk to vogner og fire oksar til det arbeidet dei skulle ha.

8. Merari-sønene fekk fire vogner og åtte oksar til det arbeidet dei skulle ha. Og Itamar, son til Aron, presten, hadde tilsyn med dei.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 7