Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 5:17-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Så skal han henta vigsla vatn i ei leirskål og ta noko av støvet som er på golvet i heilagdomen, og ha det oppi vatnet.

18. Når presten har ført kvinna fram for Herrens åsyn, skal han løysa håret hennar og leggja påminningsofferet i hendene hennar; det er eit grødeoffer for svartsykje. I si eiga hand skal han halda det beiske vatnet som fører forbanning med seg.

19. Så skal presten ta kvinna i eid og seia til henne: «Så sant ingen mann har lege med deg, så sant du ikkje har kome på avveg og gjort deg urein, du som er ei gift kvinne, så skal det ikkje skada deg, dette beiske vatnet som fører forbanning med seg.

20. Men har du kome på avveg og gjort deg urein, endå du er gift, har ein annan enn din eigen mann lege med deg,»

21. – og no skal presten lesa opp forbanningseiden for kvinna og seia til henne: «då skal Herren laga det så at landsmennene dine brukar namnet ditt til ei forbanning og ein eid, og han skal la hoftene dine minka og buken din bolna.

22. Når dette vatnet som fører forbanning med seg, kjem ned i innvolane dine, skal buken bolna og hoftene minka.» Og kvinna skal seia: «Ja, så skal det vera.»

23. Desse forbanningane skal presten skriva opp på eit blad og vaska dei av i det beiske vatnet.

24. Og han skal la kvinna drikka av dette beiske forbanningsvatnet, som kan valda stor verk når ho får det i seg.

25. Så skal presten ta grødeofferet for svartsykje ut or handa på kvinna, svinga det for Herrens åsyn og bera det fram på altaret.

26. Og han skal ta ein neve av påminningsofferet og brenna det på altaret. Deretter skal han la kvinna drikka av vatnet.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 5