Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 4:15-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Når leiren skal flyttast, og Aron og sønene hans er ferdige med å breia over heilagdomen og alle reiskapane som høyrer han til, skal Kehat-sønene koma og bera. Men dei må ikkje røra det heilage. Gjer dei det, skal dei døy. Dette er det Kehat-sønene skal bera av det som høyrer møteteltet til.

16. Elasar, son til Aron, presten, skal syta for oljen til ljosestaken, den velluktande røykjelsen, det daglege grødeofferet og salvingsoljen. Han skal ha tilsyn med heile heilagdomen og alt som der er, både heilagdomen og kara som høyrer til.

17. Herren sa til Moses og Aron:

18. Lat ikkje ættgreina åt Kehat-sønene verta utrudd or Levi-ætta!

19. Slik skal de bera dykk åt så dei ikkje skal døy, men berga livet når dei kjem nær dei høgheilage tinga: Aron og sønene hans skal gå og setja kvar mann til det arbeidet han skal gjera, og seia kva han skal bera.

20. Men Kehat-sønene må ikkje gå inn, ikkje så mykje som ein augneblink, og sjå dei heilage tinga. For då skal dei døy.

21. Herren sa til Moses:

22. Gersjon-sønene skal du òg ta talet på, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein.

23. Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra. Dei skal gå inn i tenesta og arbeida med møteteltet.

24. Dette er det arbeidet Gersjon-ættene skal gjera, og det dei skal bera:

25. Dei skal bera teltdukane som høyrer heilagdomen til, teppet av delfinskinn som ligg over møteteltet, teppet til teltdøra,

26. omhenget rundt føregarden som er kring heilagdomen og altaret, teppet i porten til føregarden og snorene og alle reiskapane som dei treng til arbeidet. Alt som er å gjera med dette, skal dei ta seg av.

27. Det arbeidet Gersjon-sønene gjer, alt det dei ber og gjer, skal gjerast etter påbod frå Aron og sønene hans. De må sjå til at dei tek vare på alt det dei skal bera.

28. Dette er det arbeidet Gersjon-ættene har å gjera med møteteltet. Og Itamar, son til Aron, presten, skal ha tilsyn med tenesta deira.

29. Så skal du mønstra Merari-sønene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein.

30. Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra. Dei skal gå inn i tenesta og arbeida med møteteltet.

31. Og dette er det dei skal syta for å bera når dei arbeider med møteteltet: plankane i heilagdomen, tverrstengene, stolpane og fotstykka,

32. og stolpane rundt føregarden med fotstykke, pluggar og snorer, all reiskapen og alt dei treng til arbeidet. De skal nemna kvar ting som dei skal syta for å bera.

33. Dette er det arbeidet Merari-ættene har å gjera med møteteltet. Og Itamar, son til Aron, presten, skal ha tilsyn med det.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 4