Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 4:10-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Både ljosestaken og alle reiskapane som høyrer til, skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja det på ei båre.

11. Over det gullkledde altaret skal dei breia eit klede av fiolett purpur. Så skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja berestengene i.

12. Alle reiskapane som dei brukar når dei gjer teneste i heilagdomen, skal dei leggja i eit klede av fiolett purpur. Så skal dei dekkja dei med eit teppe av delfinskinn og setja dei på ei båre.

13. Altaret skal dei reinska for oske og breia eit klede av purpurraud ull over det.

14. Oppå det skal dei leggja alle dei reiskapane som dei brukar når dei gjer altarteneste: glopannene, kjøtgaflane, eldskuflene og offerskålene, alle reiskapane som høyrer altaret til. Så skal dei breia ein duk av delfinskinn over det og setja berestengene i.

15. Når leiren skal flyttast, og Aron og sønene hans er ferdige med å breia over heilagdomen og alle reiskapane som høyrer han til, skal Kehat-sønene koma og bera. Men dei må ikkje røra det heilage. Gjer dei det, skal dei døy. Dette er det Kehat-sønene skal bera av det som høyrer møteteltet til.

16. Elasar, son til Aron, presten, skal syta for oljen til ljosestaken, den velluktande røykjelsen, det daglege grødeofferet og salvingsoljen. Han skal ha tilsyn med heile heilagdomen og alt som der er, både heilagdomen og kara som høyrer til.

17. Herren sa til Moses og Aron:

18. Lat ikkje ættgreina åt Kehat-sønene verta utrudd or Levi-ætta!

19. Slik skal de bera dykk åt så dei ikkje skal døy, men berga livet når dei kjem nær dei høgheilage tinga: Aron og sønene hans skal gå og setja kvar mann til det arbeidet han skal gjera, og seia kva han skal bera.

20. Men Kehat-sønene må ikkje gå inn, ikkje så mykje som ein augneblink, og sjå dei heilage tinga. For då skal dei døy.

21. Herren sa til Moses:

22. Gersjon-sønene skal du òg ta talet på, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein.

23. Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra. Dei skal gå inn i tenesta og arbeida med møteteltet.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 4