Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 4:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren tala til Moses og Aron og sa:

2. Du skal halda manntal over Kehat-sønene som høyrer levittane til, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,

3. alle menn som er mellom tretti og femti år. Dei skal gjera teneste og arbeida ved møteteltet.

4. Det som Kehat-sønene skal ta seg av i møteteltet, er dei høgheilage tinga.

5. Når leiren skal flyttast, skal Aron og sønene hans gå inn, ta ned forhenget og breia det over lovkista.

6. På forhenget skal dei leggja ein duk av delfinskinn, og over det att skal dei breia eit klede som er av fiolett purpur heilt igjennom. Så skal dei setja berestengene i.

7. Over skodebrødsbordet skal dei breia eit klede av fiolett purpur, og på det skal dei setja fata, skålene, bollane og kannene til drikkofferet. Brødet som støtt skal liggja der, skal dei ikkje ta bort.

8. Og over alt dette skal dei breia eit klede av karmosinraud ull. Så skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja berestengene i.

9. Dei skal ta eit klede av fiolett purpur og breia over ljosestaken og lampene, ljosesaksene, pannene og alle oljekrukkene som dei brukar når dei steller staken.

10. Både ljosestaken og alle reiskapane som høyrer til, skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja det på ei båre.

11. Over det gullkledde altaret skal dei breia eit klede av fiolett purpur. Så skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja berestengene i.

12. Alle reiskapane som dei brukar når dei gjer teneste i heilagdomen, skal dei leggja i eit klede av fiolett purpur. Så skal dei dekkja dei med eit teppe av delfinskinn og setja dei på ei båre.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 4