Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 32:4-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. desse bygdene som Herren har vunne for Israels-folket, er gode febygder, og vi, tenarane dine, har mykje fe.

5. Så sant du har godvilje for oss, sa dei, så lat tenarane dine få dette landet til odel og eige. Lat oss sleppa å fara over Jordan!»

6. Moses svara: «Skal brørne dykkar gå i striden, medan de slår dykk til ro her?

7. Kvifor tek de motet frå israelittane, så dei ikkje vil fara over til det landet Herren har gjeve dei?

8. Det var det fedrane dykkar gjorde då eg sende nokre av dei frå Kadesj-Barnea for å sjå på landet.

9. Då dei hadde vore i Esjkol-dalen og sett på landet, tok dei motet frå israelittane, så dei ikkje ville gå inn i det landet Herren hadde gjeve dei.

10. Då vart Herren brennande harm, og han svor:

11. Ingen av dei mennene som fór opp frå Egypt, og som er tjue år eller meir, skal få sjå det landet som eg lova Abraham, Isak og Jakob; for dei har ikkje fylgt meg som dei skulle,

12. – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, av Kenas-ætta og Josva, son til Nun; for dei har trufast fylgt Herren.

13. Så brennande harm vart Herren på israelittane at han lét dei flakka ikring i øydemarka i førti år, til han var borte, heile den ættleden som hadde gjort det som vondt var i Herrens augo.

14. Og no vil de fara fram som fedrane dykkar, de avkom av syndige menn, og gjera Herrens brennande vreide mot Israel endå større!

15. For vender de dykk bort frå han, så kjem han til å la Israel vera endå lenger i øydemarka, og de fører ulukke over heile folket.»

16. Då gjekk Rubens-sønene og Gads-sønene fram til Moses og sa: «Vi vil berre laga kveer for feet vårt her og byggja byar for kvinnene og borna våre.

17. Men sjølve vil vi væpna oss så snøgt vi kan, og fara føre dei andre israelittane, til vi får ført dei dit dei skal. Men kvinnene og borna våre skal sitja att i festningsbyane, så dei kan vera trygge for dei som bur i landet.

18. Vi skal ikkje venda heim att før dei andre israelittane har fått kvar sin eigedom.

19. For vi vil ikkje ta land saman med dei på hi sida av Jordan og lenger borte når vi får vår odelsjord her på austsida av Jordan.»

20. Moses svara: «Dersom de gjer dette, dersom de bur dykk til strid for Herren,

21. og alle våpenføre menn mellom dykk fer over Jordan for Herren, til han har drive fiendane sine bort,

22. og ingen av dykk vender heim att før landet er vunne for Herren, då skal de vera utan skuld både for Herren og for Israel, og dette landet her skal vera dykkar eigedom for Herrens åsyn.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 32