Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 32:14-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Og no vil de fara fram som fedrane dykkar, de avkom av syndige menn, og gjera Herrens brennande vreide mot Israel endå større!

15. For vender de dykk bort frå han, så kjem han til å la Israel vera endå lenger i øydemarka, og de fører ulukke over heile folket.»

16. Då gjekk Rubens-sønene og Gads-sønene fram til Moses og sa: «Vi vil berre laga kveer for feet vårt her og byggja byar for kvinnene og borna våre.

17. Men sjølve vil vi væpna oss så snøgt vi kan, og fara føre dei andre israelittane, til vi får ført dei dit dei skal. Men kvinnene og borna våre skal sitja att i festningsbyane, så dei kan vera trygge for dei som bur i landet.

18. Vi skal ikkje venda heim att før dei andre israelittane har fått kvar sin eigedom.

19. For vi vil ikkje ta land saman med dei på hi sida av Jordan og lenger borte når vi får vår odelsjord her på austsida av Jordan.»

20. Moses svara: «Dersom de gjer dette, dersom de bur dykk til strid for Herren,

21. og alle våpenføre menn mellom dykk fer over Jordan for Herren, til han har drive fiendane sine bort,

22. og ingen av dykk vender heim att før landet er vunne for Herren, då skal de vera utan skuld både for Herren og for Israel, og dette landet her skal vera dykkar eigedom for Herrens åsyn.

23. Men gjer de ikkje dette, då syndar de mot Herren, og de skal få kjenna at synda finn dykk att.

24. Bygg no byar for kvinnene og borna dykkar, og lag kveer for småfeet, men gjer òg det som de har lova!»

25. Då sa Gads-sønene og Rubenssønene til Moses: «Tenarane dine skal gjera som du har sagt, herre.

26. Kvinnene og borna våre og feet vårt, heile buskapen, skal vera her i byane i Gilead.

27. Men vi, tenarane dine, alle som er budde til strid, skal gå over Jordan og kjempa for Herren, som du har sagt, herre.»

28. Så tala Moses om dei til presten Elasar, til Josva Nunsson og til ættehovdingane i Israel.

29. Han sa til dei: «Dersom Gads-sønene og Rubens-sønene, alle som er budde til strid, går over Jordan saman med dykk og kjempar for Herren, og landet vert teke, då skal de la dei få Gilead-landet til odel og eige.

30. Men dersom dei våpenføre mennene dykkar ikkje går over saman med dykk, skal dei liksom de få eigedom i Kanaan.»

31. Gads-sønene og Rubens-sønene tok til ords og sa: «Det Herren har sagt til tenarane dine, det skal vi gjera.

32. Væpna vil vi fara over til Kanaan og strida for Herren. Men odelsjorda vår skal vera på denne sida av Jordan.»

Les hele kapitlet 4. Mosebok 32