Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 31:12-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Og fangane og hærfanget, alt dei hadde teke, førte dei til Moses og presten Elasar og til heile Israels-folket, som låg i leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

13. Moses, presten Elasar og alle hovdingane i folket gjekk til møtes med dei utanfor leiren.

14. Moses var harm på hærførarane som kom heim att frå hærferda, både dei som stod over tusen og dei som stod over hundre mann.

15. Han sa til dei: «Har de spart alle kvinnene?

16. Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka israelittane til truløyse mot Herren den gongen ved Peor, så pesten kom over Herrens folk.

17. No skal de slå i hel alle guteborn og alle kvinner som har lege med menn.

18. Men alle unge jenter som ikkje har lege med menn, skal de spara.

19. Så må de halda dykk utanfor leiren i sju dagar. Alle som har drepe nokon, og alle som har kome nær nokon av dei falne, skal reinsa seg den tredje og den sjuande dagen. Det gjeld både dykk og fangane dykkar.

20. Alle klesplagg, alt som er laga av skinn eller geiteragg, og alle reiskapar av tre må de reinsa.»

21. Presten Elasar sa til alle stridsmennene som hadde vore med på hærferda: «Dette er ei føresegn i den lova som Herren har gjeve Moses:

22. Gull og sølv, kopar og jern, tinn og bly,

23. alt som toler eld, skal de la gå gjennom eld, så det vert reint. Og så skal det reinsast med reinsingsvatn. Men alt som ikkje toler eld, skal de ha i vatn.

24. Den sjuande dagen skal de vaska kleda dykkar, så de vert reine; og sidan kan de koma inn i leiren.»

Les hele kapitlet 4. Mosebok 31