Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 29:5-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, til soning for dykk.

6. Dette skal de ofra attåt nymåne-brennofferet og det daglege brennofferet med grødeofferet som høyrer til, og dei vanlege drikkoffera; det skal vera eit eldoffer som angar godt for Herren.

7. Den tiande dagen i same månaden, den sjuande, skal de halda ei heilag samling. Då må de fasta og ikkje gjera noko arbeid.

8. De skal bera fram brennoffer som angar godt for Herren: ein okse, ein ver og sju årsgamle lam. Og dei må vera utan lyte.

9. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for veren

10. og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

11. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer attåt soningssyndofferet og det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 29