Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 26:56-65 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

56. Etter som loddet fell, skal kvar ætt, stor eller lita, få sin eigedom.»

57. Dette er dei levittane som vart mønstra, ætt for ætt: Gersjon-sønene, ætta etter Gersjon; Kehat-sønene, ætta etter Kehat, og Merari-sønene, ætta etter Merari.

58. Desse ættgreinene var det i Levi-ætta: Libni-sønene, Hebron-sønene, Makli-sønene, Musji-sønene og Korah-sønene. Kehat fekk sonen Amram;

59. kona til Amram heitte Jokebed. Ho var dotter til Levi og var fødd i Egypt. Med henne fekk Amram sønene Aron og Moses og Mirjam, syster deira.

60. Aron fekk sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.

61. Men Nadab og Abihu døydde då dei bar uvigsla eld fram for Herren.

62. Talet på levittane var 23 000 når alle menn og alle gutar som var meir enn ein månad gamle, var medrekna. Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane, fordi dei ikkje fekk nokon eigedom som dei.

63. Dette var den folketeljinga som Moses og presten Elasar stod føre mellom israelittane på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

64. Ingen av desse var med i manntalet den gongen Moses og presten Aron mønstra israelittane i Sinai-øydemarka.

65. For Herren hadde sagt at dei skulle døy i øydemarka. Av dei var det ingen annan att enn Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 26