Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 26:50-61 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

50. Det var Naftali-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 45 400.

51. I alt vart det mønstra 601 730 israelittar.

52. Herren sa til Moses:

53. «Mellom desse skal landet skiftast ut til odel og eige, etter folketalet.

54. Dei store ættene skal du gje stor eigedom og dei små ættene mindre. Kvar ætt skal få eigedom etter folketalet.

55. Landet skal skiftast ved loddkasting, og kvar ættgrein skal få land i det området som høyrer ætta til.

56. Etter som loddet fell, skal kvar ætt, stor eller lita, få sin eigedom.»

57. Dette er dei levittane som vart mønstra, ætt for ætt: Gersjon-sønene, ætta etter Gersjon; Kehat-sønene, ætta etter Kehat, og Merari-sønene, ætta etter Merari.

58. Desse ættgreinene var det i Levi-ætta: Libni-sønene, Hebron-sønene, Makli-sønene, Musji-sønene og Korah-sønene. Kehat fekk sonen Amram;

59. kona til Amram heitte Jokebed. Ho var dotter til Levi og var fødd i Egypt. Med henne fekk Amram sønene Aron og Moses og Mirjam, syster deira.

60. Aron fekk sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.

61. Men Nadab og Abihu døydde då dei bar uvigsla eld fram for Herren.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 26